Pedagogisk profil

Vår visjon er «VI HAR HEILE DAGEN!»

Med det meiner vi:

  • Borna skal få kjenne TRYGGLEIK og SAMKJENSLE.
  • Vi skal gi borna TID og HØVE til å leike.
  • Borna skal få MOT til å ta UTFORDRINGAR.

Sentrale omgrep for å nå måla er:

  • OMSORG: Tilknyting, trygge rammer, oppmuntring.
  • LEIK: Livsutfalding, fysisk aktivitet, oppmuntring og kunnskap om seg sjølv
  • LÆRING: Grunnleggande kunnskap, opplevingar, erfaringar og kunnskap om seg sjølv.
  • SOSIAL KOMPETANSE: Samhandling, mangfald, empati, likskap og ulikskap.
  • SPRÅKLEG KOMPETANSE: Identitet, kommunikasjon, samhandling, forståing og relasjon.
  • BARNEHAGEN som KULTURARENA: kunnskap, verdiar, holdningar, erfaringar og uttrykksmåter.

Kjerna i den pedagogiske verksemda vår er dei vaksne sin kompetanse til å formidle desse omgrepa til borna i nær forståing og samarbeid med heimen til bornet.
Den vaksne si rolle i samspelet med borna er vårt fokus. Den vaksne, som trygg hamn og som trygg guide ut i den store verda.

Vaksenrolla skal og må alltid vere på agendaen i planlegging, gjennomføring og vurdering av arbeidet i barnehagen. Vi er rollemodellar og verdiformidlarar. Vi skal vere aktivt tilstades, slik at vi ser og høyrer kva borna treng. Vi skal gje borna tryggleik ved å sjå dei og høyre dei.

Det er sentralt at vi vaksne ser borna sin kunnskap, og stimulerer til læreprosessar og opplevingar, som vert fanga opp ved deltakande observasjon og refleksjon.
Byter vi ut ordet born med foreldre og/eller personale i det som er sagt over, vert haldningane og verdiane framleis dei same. Alle treng å verte sett og høyrd med ei forståing for eigen situasjon, og møtt med utfordringar det er mogleg å meistre på eiga hand, og saman med andre.

Anerkjenning skal prege personalet sine haldningar og veremåte. Samarbeid med borna sine heimar skal skape tillit og respekt.
Vårt utgangspunkt er: ”Små born er dei viktigaste personane i foreldra sine liv, og foreldra er dei viktigaste personane i små born sine liv!!”